I helga arrangerte NVK-Hedmark Rasenprøva for 19. gong. Vi hadde flott prøvevêr med lett overskya og ikkje for varmt. I år hadde vi med mange som var på sin aller første eller kanskje sin 2 apportprøve. Vi håpar alle desse hadde ei triveleg helg og at dei fleste vil ta steget over i AK neste år og møte på prøver også i 2011.
Vi hadde færre AK startar enn normalt, men mange fleire UK startar enn vi har hatt dei siste 3-4 åra. Vi syns det var veldig kjekt å ha med så mange unge hundar. NVK-Hedmark kunne omsider skilte med mange hundar frå eige distrikt med 15 startar første dag. Dette bør love godt for vår innsats neste år når Rasenprøva skal feire sitt 20-års jubileum. Vi vil også nemne at det stilte vizla på Rasenprøva for aller første gong og det med gode resultat. Ein annan rasen som utmerka seg (som vanleg) var kleine münsterländer, det får du lese meir om i referatet.
Til slutt må vi også trekke fram ein ekvipasje frå NVK-Hedmark - KV Sagåsen's Pepper og eigar Lill Andersen. Desse to stilte på si første apportprøve laurdag og gjennomførste dagen med stil og til 3 x 10. Ikkje nok med det - søndag tok dei med seg 2 x 10 og ein 9'er. Vi vil gratulere Lill og Pepper og alle andre med flotte resultat i helga. Styret i NVK-Hedmark vil også takke dyktige dommarar og dei som hjalp til med å få prøva vel i hamn.
MvH
Mette Ulvestad
Prøveleiar