Vi feirer 20-års jubileum for Rasenprøva
Jubileumsprøva går av stabelen 30. og 31. juli ved Malungen Gjestegård.
Blir du med?
NVH-Hedmark ønsker gamle og nye velkomne og håpar mange vil vere med oss denne helga.
Oppdatert 6. juli 2011
Vi har fått på plass supre premiar - eigen info om dette kjem straks - og laurdagskvelden vil vi invitere til flott middag og premieutdeling på Malungen gjestegård. Vi serverer to-retters middag til ein fornuftig pris (meir info om pris og påmelding kjem om litt). Det er ingen andrre arrangement på Malungen denne helga så for dei som vil ha litt ekstra komfort så er det berre å bestille overnatting her. Telt og campingvogn kan, etter avltale med Gjestegården, settast opp på den store plassen i retning prøveområdet. Vi vil også i år leige det store innegjerda området der du kan lufte hund og her er det også plass for telt/campingvogn som før.
Godt ver er som vanleg bestilt!!
Påmelding og betaling innan 10. juli til:
NVK-Hedmark v/Mette Ulvestad, Oppstad, 2100 Skarnes (mette.ulvestad@tine.no).
Kontonr.181312 15 580 – pris pr. start kr. 300 + ev. kr. 150 i viltavgift (due +måke).