Etter nok ein våt sommar var det tradisjonen tru godt ver heile helga under NVK-Hedmark si 20-års jubileumsprøve. 95 påmeldte vart pga skade og sjukdom redusert til 80 startar. Fire ekvipasjer var på apportprøve for aller første gong og vi håper det gav meirsmak.
Vi hadde med alle tre vostehrasane, gordonsetter, irsksetter, breton, kleine- og grosser münsterländer og korthåra vizla.
Har laga ei større oppsummering med mange bilder og meir fyldig omtale. Om nokon vil ha bilda som blir vist her så ta kontakt via epost til mette.ulvestad@tine.no.
Klikk her for opplasting av oppsummering.
Etter dag 1 var det 11 AK-hundar som kjempa om tittelen prøvens beste AK-hund. Kun fire poeng skilte dei 11 beste. Ingen med 30 poeng på dag 1 i år og det er kanskje eit bra tegn. Det var vizla Kvanne og Eli Haugen som aller best ut av det med 29 poeng. I UK var det to ekvipasjer med fullt hus; KV Svartkrutt til Arild Hansen og SV Coy til Bjarne Smukkestad.
Søndag fekk også UK hundane Svartkrutt og Coy fullt hus og seier i UK gjekk til yngste hund som var Svartkrutt og Arild Hansen. Premie i tillegg til Hills fôr var to dagars trening ved Krogstad Herregård i Sverige. (Meir info om bilda får du ved å peike på dei !)

I AK kom tre av dei 11 hundane i tet tilbake frå spor med 3 x 10 poeng. Det var LV Cita, KM Nikko og U Kvanne. Vizla Kvanne vart dermed prøvens beste AK hund og fekk med seg heim to sekkar Hills fôr, eit flott handlaga skrin og sist, men ikkje minst ein Kickbike Cross Max sparkesykkel!

Jubileumsmiddagen
Vi var 60 stk til middag ved Malungen Gjestegård. Flott mat og veldig triveleg selskap gav ei fin ramme rundt premieutdelinga og stort loddsalg. Dei mange som har dømt og hjelpt til på prøva dei siste 10-20 åra vart heidra med Rasenprøva’s hederspris i bronse, sølv eller gull.


I lagkonkurransen var det kun to lag som fullførte med resultat på alle tre hundane. Det var NVK Oslo/Akershus og kleine münsterländer. I år som i fjor var det kleiner laget som stakk av med seieren. (Bilde kjem, men litt trøbbel med akkurat i skrivande stund)
Elitekonkurransen i år bestod av tre delar. Første vart det kjørt 200 m med Kickbike - beste tid fekk flest poeng. Deretter vart det lagt ut to apportryper, ei due og ei due i støkkmaskin. Kvar hund fekk maks 5 min på dei tre apportane + eit godkjent fuglearbeid. Mange hundar imponerte og til slutt var det Tiurjegerns Aragon til Roger Brenden som trakk det lengste strået med 60 av 60 poeng.

Fleire bilde kjem - her er fullstendig resultatliste.
Takk for meg. Mette Ulvestad, prøveleder