
Med Cox, (Hexa III-Kjekk), fødd i 1957, og ei lånt enkeltløpa Remington hanebørse, fekk eg bli med på jakt. Cox var "perfekt" 6 månader gamal, og blei derfor jakta hardt over. Seinare skimta me han helst ute i horisonten, der han i høg fart, flott stil og med 6 i samarbeid jaga alt flygande. Dottera derimot, Ranja (Regni-Cox), var ein forsiktig fuglebehandlar, sikker rapportør, super fuglefinnar, jaktklok og stødig, men mangla fart og format.
Likevel var det aldri tvil da eg i 1976 skulle kjøpe meg eigen hund, det måtte bli korthåra vorsteher. Sidan har eg hatt det, men eg har for det meste hatt ei om gongen til dei fekk innkalling til rikare terreng, har det ikkje blitt så mange. Nå har eg to, Vitjars Tess (Moatindens Emmi-Irgas) og Sør Holleias Atv Tyri (Lierdalens Tante Karin-Lofotrypas Dnc Vic).
I utgangspunktet er det jo jakta, på rype og skogsfugl, som er det viktigaste. Men aktiviteten både med jakt og prøver har variert mykje gjennom åra, og prøvekarrieren er verken omfattande eller glitrande.
Blikket! I augo til ein vorstehhund finn eg meir intelligens, kontakt, nervestyrke og samarbeidsvilje enn hos dei fleste andre - folk medrekna. Jaja, det er store variasjonar mellom individa så klart, men utgangspunktet for å få ein god jaktkamerat er stort sett bra. Så er det flott med sterke hundar som kan bere kløv og dra pulk, og som kan slappe av i omnskroken og godmodig tole kravlande barnebarn. Og så eksteriøret! Med sin unike kombinasjon av kraft og eleganse står dei perfekt til eigaren.
Som nemnt har eg ikkje rare prøvekarriera, men nåverande Tyri er kanskje den med det største talentet. Tidleg jaktmogen, stor jaktlyst og kjernesunne nerver, og av eit godt merittert kull. Derfor har ho fått ha eit kull med Rugdelias Nmj Nikko, under kennelnamnet Hantovegen. Dei er nå vel året, så hausten blir spennande.
Eg er nok av dei som har hatt hundane tidleg med i skogen og tidleg for fugl, også før grunndressuren er heilt i orden. Det kan slå litt ulikt ut etter korleis individa er. Det kan nok hende eg vil revurdere denne praksisen litt om det blir aktuelt med ny valp.
Ein lang prøvedag i Tjølling gjekk mot slutten. Tyri hadde gått prima heile dagen, men etter fire slepp enda ikkje kome i fugl. Eg hadde vondt i eit bein, og visste ikkje om eg orka å henge med lenger i ei uviss von om eit femte slepp. Men oppmuntra av gode NVK-vener på partiet blei det til det, og jaggu fekk eg eit slepp til. Tyri blir borte i tett vegetasjon langsmed eit djupt bekkefar. Brått får eg auge på noko raudt på andre sida av bekken, opp mot ein låve, og i ein litt annan retning enn der eg trudde bikkja var. "Sikkert ei gammal plastbøtte", tenkjer eg, men står og finsiktar litt da dommaren ropar frå motsett kant at "vorsteheren har stand!".
Eg skjøna at bøtta var bikkje, men kunne ikkje sjå kva veg ho sto. Torte ikkje kommandere reis utan å sjå skikkeleg. Gode råd var dyre. Det var to-tre meter omtrent loddrett ned i bekkefaret, og enda høgare opp att på andre sida der Tyri sto. Og eg som knapt tok meg fram på flate jordet! Å gå frå ein unghund i stand er ein sjanse å ta, og for å kome rundt og over bru var det 2-300 meter. Men adrenalin er god medisin! Før eg nesten visste ordet av det, rutsja eg ned i grøfta, og klora meg på alle fire oppover andre sida, rutsja ned att eit par gonger, men stakk til slutt nesa over kanten og såg rett inn i augo på Tyri som sto rett mot meg på 5 meters hald. Fuglen mellom oss altså!
Ned att i Grand Canyon, åle seg sidelengs i søla eit stykke, krype opp att på kanten litt til side for hunden, forsiktig opp på kne, få tak i revolveren i jakkelomma, så opp på to, "JA!" Tyri eit langt byks fram, fasanen i lufta, bikkjefua i bakken, revolverskot, dommar Stensvolds tommel i veret...
.. og pinnen går vidare til Audun Kristiansen.